11. januar 2019

Debuterte live i mP3 etter fire dagar

– Elise Kvien fekk prøve seg på lufta hos Arian og Martin i Endelig Morgen på mP3 etter berre fire dagar med opplæring. Ho hadde full kontroll og leverte ei solid førstesending som om ho aldri har gjort noko anna, seier vaktsjef og fadder Marte Iren Noreng Trøen i P3. Elise Kvien har ekstern praksis i P3 nyhenda på Tyholt.

Elise Kvien har fått prøve seg live fleire gonger, og har vore gjennom ein morgon med sendingar kvar halvtime i P3morgen. Ein merkar godt at Elise har erfaring med å vere på lufta og er godt vant med å avvikle sendingar (frå Radio Ålesund). Ho har allereie fått oppleve at ting ikkje alltid går som det skal, og taklar ting godt på sparket.

– Eg hugsar godt sjølv korleis dei første live-sendingane mine på P3 var. Og må seie Elise grusar meg når det kjem til å halde roa og lese med tryggleik og autoritet, seier vaktsjef og fadder Marte Iren Trøen.

– Det er godt å sjå at ein er så godt inne i alle NRK-system før ein kjem ut i praksis. Det gjer det lettare å fokusere på det som er viktig for redaksjonen vår, som igjen gjer at ein kjem seg fort på lufta, seier fungerande redaksjonssjef, Ole Marius Trøen i P3nyheter.