7. september 2018

Dei første sakene gjekk i “alle” kanalar

Kull 29 har fått full utteljing med dei første sakene på radio og nett.

– Det var veldig kjekt. Eg hadde ikkje venta at den aller første saka mi som journalist skulle gå rett på riks, seier Birgitte Vågnes Bakken.

Ho sette i saka si søkjelys på trafikkskulane to år etter at fråværsgrensa vart innført i den vidaregåande skulen. Den levande reportasjen fekk plass i distriktssendingane til NRK Sogn og Fjordane, før ho også vart send i Nyhetsmorgen på NRK P2 og i P3-Nyhetene.

– Eg hadde nok venta meg eit litt mindre publikum på den første saka, så det var litt skummelt også. Men det er kjekt at kvaliteten viste seg god nok for riks, seier Vågnes Bakken.

Kull 29 har komme godt i gang med opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter. Først ute var Ida Yasin Andersen, som fekk sak på lufta etter berre ti dagar som praktikant. Reportasjen hennar handla om ein underskriftskampanje mot ein ny parkeringsplan i Førde sentrum.

Fredag kom Elise Kvien si sak om narkotikahundar og politiet på lufta. Utbretten vart sendt både i NRK Sogn og Fjordane, i Nyhetsmorgen og i NRK Alltid Nyheter. Kvien oppsummerer den første tida ved NRK Nynorsk mediesenter slik:

– Det har vore hektisk, og vi har lært mykje på kort tid. Vi vart kasta ut i det. Ekstremt kjekt, seier ho.

Solveig Nyhus Aksnes si sak om språkpraksis for flyktningar er planlagt send måndag morgon. I løpet av helga blir truleg også Ingvild Aleksandra Eide si nettsak om motbakkeløp publisert på NRK.no. Då vil alle praktikantane ha fått sakene sine publiserte. Alle dei første sakene frå kull 29 har dessutan blitt nettsaker på NRK Sogn og Fjordane si nettside. Kommande veke startar opplæringa i TV- og video-produksjon.