16. januar 2014
av Randi Indrebø

Dei første to vekene!

Hei godtfolk!

No er det blitt torsdag, og det er den andre torsdagen eg er her. Dei siste to vekene har gått utruleg fort og me har fått lære utruleg mykje og møtt mange menneske. Det er rart å tenkje på at eg ikkje har vore her meir enn den korte tida, fordi det skjer så mykje her!

Me har fått prøve oss på veldig mange ting mens me har lært om dei forskjellige reiskapane og programma ein bruker i jobben som journalist. Opptaksutstyr, kamera, redigeringsprogram og meir. Det er mykje informasjon på ein gong, men vi får prøve oss undervegs og på den måten lærer vi mykje på kort tid. Og det er ikkje minst ein flott læremåte.

Me har fått lage saker til radio og nokon av sakene kjem kanskje på lufta! Det er det ikkje så mange som får oppleve etter berre to veker. Det er spennande å sjå at det går an og at ein kan få noko slikt til.

Den gjengen eg er praktikant saman med er ein veldig kjekk gjeng, og vi har det bra i lag, både her på NRK og på fritida vår. Eg gler meg til dei neste seks vekene her på Nynorsk Mediesenter, før vi skal i intern praksis i mars.