29. august 2013

Den fyrste «ordentlege» saka

Etter å ha vore i redaksjonsmøte saman med resten av redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane på tysdag, hadde nynorskpraktikantane vårt fyrste redaksjonsmøte oppe på loftet. Der fekk me kome med forslag og avgjere sjølve kva saker me hadde lyst til å dekkje. Valet mitt fell på skuledebatten ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. Sidan debatten skulle byrje 30 minutt frå då, måtte eg berre springe frå møtet med opptakaren klar i veska.

På vegen gjorde eg meg nokre tankar om korleis eg ville gjere det. Ved debattlokalet fann eg ein fyrstegongsveljar og ein debattant. Desse fekk eg fylgje både før, under og etter debatten.

Attende på loftet kjente eg på at eg hadde god tid, sidan fristen for å levere var i dag – to dagar etter. Kjensla gjekk brått over til stress, då den eine faglæraren min, Terje Gilleshammer, fortalte at morgonnyhenda var interesserte i saka mi. Då var det berre å hive seg rundt – eg hadde 1.5 time på å flikke på det eg hadde fått melding om å sjå nærare på av Terje.

Så var det berre å vente – var saka godkjent? – Ville eg høyre mi eiga stemme på radioen morgonen etter? Terje meinte det, og sendte ho avgarde.

Medan eg romsterte rundt med tannkosten i munnen, nesten på tur til å traske bort til mediesenteret, høyrte eg programleiaren snakke om skuleval ute på kjøkenet. Det hadde Britt Kristin også, ein av dei andre nynorskpraktiantane, og me stod stille og høyrte på ei stund. Eg kjente på kjensla av at resten av fylket også sat og høyrte på mi nordmørske dialekt i nokre sekund. Merkeleg, spennande – også vart eg jo litt stolt. Mamma fekk sjølvsagt ei tekstmelding med ein gong. Eg hadde ikkje trudd eg skulle kastast ut på lufta etter berre ei stor veke.

Saka kan du høyre her:

Skuleval for dei vidaregåande elevane i Førde (Foto: Idun Fivelstad/NRK)