9. januar 2014
av Randi Indrebø

Den gode radiostemma

Som nynorskpraktikant skal ein blant anna lære om stemmebruk.

Eg laga min fyrste reportasje med lydopptak i går, men brukte den lågmælte, mjuke og intime Nattønsket-stemma mi til å fortelje om noko så usexy som  elektronisk skattekort. Dermed vart det stilkræsj. Neste gong eg skal prate om  liknande tema, blir det i eit mindre kjenslesprengt toneleie.