22. desember 2010

Den siste blogg eg skriva fekk..

No er tida komen. Me er ferdige på Nynorsk mediesenter i Førde. Me er jo ikkje heilt ferdige, for me skal jo vidare til andre redaksjonar rundt i det ganske land (hovudsakleg i Oslo) og ha praksis i to månader til. Eg veit at eg har forsømt mine bloggplikter i det siste. Eg tek absolutt […]

No er tida komen. Me er ferdige på Nynorsk mediesenter i Førde.

Me er jo ikkje heilt ferdige, for me skal jo vidare til andre redaksjonar rundt i det ganske land (hovudsakleg i Oslo) og ha praksis i to månader til.

Eg veit at eg har forsømt mine bloggplikter i det siste. Eg tek absolutt sjølvkritikk på det. Men det kan ikkje hjelpast. Eg har vore aaaaaalfor oppteken med desken og tv og radio og dill og dall og pakking og styr og herj og orn.

De lurer vel veldig på kva slags fysiske (.. eller psykiske..? eller metafysiske, kanskje?) resultat all denne herjinga har ført til? Her kjem det. I listeform:

Sånn. No har eg offisielt blogga om alt eg har gjort her på Nynorsk mediesenter i Førde.

For ei tid det har vore. Me har lært og lært. Og blitt sendt både hit og dit. Dette er nokre av tinga eg har lært i mi tid her. Nok ein gong i listeform:

No er det takk for meg! Det kjem nye praktikantar her på loftet 3. januar. Då byrjer eg i Banden i P3. Det vert enormt stas. Sikkert både for meg og dei nye praktikantane. Eg ynskjer dei (og kanskje også meg sjølv) hjarteleg lukke til!

For siste gong, kjære landsmenn:

Gå med nasen framover. Og SMIL til verda. Den smiler som oftast tilbake.

Litt vemodig

Hilde Matilde