Arianrhod Engebø
23. september 2019

– Det er frykteleg stas!

Arianrhod Engebø vart kåra til Årets unge radioprofil på Radiodagane 2019. Juryen forventar seg mykje av henne. – Det blir god stemning der ho er, både i studio og som reporter. Ho har god intervjuteknikk og viser at ho elskar radio og radiofaget, sa juryen. – Først vil eg takket Nynorsk mediesenter, som er grunnen til at eg kan stå her i dag, sa Arianrhod Engebø då ho takka for prisen. Ho var nynorskpraktikant i 2017/18 og hadde praksis i NRK P3 på Tyholt, der ho no er programleiar for sitt eige program «Arian».

Vidare takka ho leiinga i NRK P3 for at dei har satsa på henne og folka ho arbeider saman med der. – Det er P3 som er grunnen til at eg ville byrje i radio. Difor er det ei stor ære å ta mot ein pris og jobbe saman med dei flinke folka der, sa Arianrhod Engebø i takketalen sin.

– Korleis kjennest det i dag, Arian?

– Det er frykteleg stas. Det kjennest heilt fantastisk! Eg hugsar godt at eg tenkte «shit altså, den skal eg vinne ein gang» då eg las om Unge radioprofil-kategorien medan eg framleis var nynorskpraktikant, så det kjennest veldig godt å ta prisen med heim to år seinare. Då dei las opp namnet mitt vart eg både veldig glad, stolt og rørt. Det kjennest fint å få ei bekrefting på at eg er på riktig spor med det eg driv med på radioen. Spesielt sidan eg sjølv elskar radio så mykje.

– Kor lenge har du kontrakt med NRK P3?

– Eg er framleis mellombels tilsett, så det er vanskeleg å seie noko sikkert om framtida mi eller til Arian-programmet. Kontrakta mi er ferdig til nyttår, men eg håpar sjølvsagt på meir, seier Arianrhod Engebø.

Før ho gjekk NRK Nynorsk mediesenter hadde Arian teke ein bachelorgrad i journalistikk ved Universitetet i Cardiff, vore sommarvikar i Firda og deltidstilsett i NRK Sogn og Fjordane. Ho kjem frå Førde og er 25 år gamal.

Bilete er henta frå nettsida til Radiodagane 2019, og syner då Arianrhod Engebø takka for prisen som Årets unge radioprofil.