12. februar 2019

Det går fint med kull 29

– Det ser ut til at alle på kull 29 klarer å klore seg fast etter avslutta ekstern praksis, med vikariat, tilkalling og sommarjobbar, seier Magni Øvrebotten etter ei vekes rundreise til dei fem nynorskpraktikantane i ekstern praksis i Trondheim, Ålesund, Bergen og Oslo. Kull 29 er ferdige som nynorskpraktikantar til 1.mars.

Elise Kvien (1996) har praksis i P3Nyhenda på Tyholt og har presentert nyhenda på P3 store delar av praksistida. Ho har fått eit vikariat i NRK Nyhende på Marienlyst frå mars til august og er storfornøgd med det. – Det vert aldri for mykje nyhende for meg, seier Elise Kvien. Ho er frå Vartdal på Sunnmøre og har ein bachelor i marknadsføring og leiing frå NTNU Ålesund og to års røynsle som programleiar i Radio Ålesund.

Solveig Nyhus Aksnes (1995) er i NRK Møre og Romsdal i ekstern praksis, og har fått eit tre månaders vikariat der frå 1. mars og håpar på sommarjobb i tillegg. Ho skal arbeide med oppdatering for nett og radio og er glad for at ho satsa på eit distriktskontor i praksis, der ein kan få arbeide med nyhende på alle plattformer. Solveig Nyhus Aksnes kjem frå Haramsøya på Sunnmøre og har ein bachelor i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen.

I NRK Hordaland er det to nynorskpraktikantar i ekstern praksis og begge kjem frå Stord. Dei tykkjer det er kjekt å vere to, sjølv om det medfører at dei kan bli konkurrentar til kvarandre når det gjeld jobb. – Det var mykje skryt å høyre om dei, så sjølv om det er mange om jobbane der, vil det overraske meg om ikkje desse to får seg sommarjobb i NRK Hordaland, seier Magni Øvrebotten.

Ida Yasin Andersen (1992) har arbeidd mykje som videojournalist den tida ho har vore i praksis i Bergen, frå nyttår av. Ho likar godt å kome seg ut blant folk for å lage reportasjar og trivst godt i NRK Hordaland. Ida Yasin Andersen har ein bachelor i Film- og TVproduksjon og ei årseining i engelsk frå Universitetet i Bergen.

Ingvild Aleksandra Eide (1993) har arbeidd med nyhende på alle plattformer i praksistida, og likar den spennvidda veldig godt. Ho håpar å få halde fram som nyhendejournalist. Ingvild Eide har ein  bachelor i historie frå Universitetet i Bergen og skreiv BA-oppgåve om Metoo og trakassering på arbeidsplassen. Eide har vore frilansjournalist for Bladet Sunnhordland i sju år.

Birgitte Vågnes Bakken (1993) har praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende på Marienlyst og skal også arbeide på oppdateringsdesken der resten av praksistida. Ho likar seg, men i starten tykte ho at det var litt overveldande å vere blant så mange flinke folk. Ho får tilbod om sommarjobb med utgangspunkt i innanriks/desk/nett. Birgitte Bakken har ein master i fransk frå Universitetet i Bergen, med fordjuping i fransk litteratur. Og eit årsstudium i historie frå L`Université de Lille, i Frankrike.

– Kull 29 har fleire representantar for “Generasjon prestasjon”, så deira eigne skildringar av korleis dei hadde gjort det i praksis stemnde ikkje alltid med inntrykka til fadrar og leiarar. Og godt er det. Alle redaksjonar treng unge folk for å skjøne kva som rører seg i deira aldersgrupper og det er lett å gløyme når du er ung og ny i ein redaksjon, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.