https://www.nynorskmediesenter.no/Det gode intervjuet
21. februar 2012

Det gode intervjuet

Måndag 20. februar besøkte Sigrid Sollund praktikantane for å gje gode tips og råd om korleis dei skal gjere gode intervju. Sollund jobbar mellom anna i Politisk kvarter i NRK P2 og har lang erfaring med kritiske intervju på direkten.
 

Dei same reglane gjeld intervjusituasjonen som journalistisk arbeid elles:

Fokus

Set deg skikkeleg inn i saka og ha eit klart mål med det du gjer. Kva vil eg fram til? Kvifor vil eg snakke med nettopp denne personen? Desse spørsmåla må ein stille seg sjølv før ein tek kontakt med intervjuobjektet.

Intervju med kjende og kjære – ei smal sak?

Praktikantane hadde på førehand fått i oppgåve å avtale intervju i studio, med eigedefinerte fokus. Resultata, alle på tre og eit halvt minutt kvar, blei gjennomgått i høve til retningslinjene Sollund sjølv bruker som politisk journalist og debattleiar. Det viste seg at det kan vere lettare sagt enn gjort å halde fokus, lytte til samtalepartnaren og stille opne og enkle spørsmål samstundes, jamvel om intervjuobjektet er eit familiemedlem eller ein kollega ein kjenner frå før.

APUS er alt

Intervjuet skal til liks med saka som heilskap ha ein tydeleg struktur med anslag, presentasjon, utdjuping/utvikling og slutt, det som i NRK blir kalla APUS. For å oppnå dette kan det knapt understrekast nok: Grundig research er alfa og omega!

Skrive av Ingunn Rauk