10. september 2010

Det journalistiske glidemiddel

Eg kan noko om porno. Faktisk ein heil del. Særleg om den frå Russland. Sanninga er at eg har skrive masteroppgåve om russisk porno. Då er det kanskje ikkje rart eg vart litt oppglødd over NRK sitt nettoppslag for to dagar sidan: Russland og Hviterussland i pornostrid Det er vanskeleg å ikkje kose seg litt over at det […]

Eg kan noko om porno. Faktisk ein heil del. Særleg om den frå Russland. Sanninga er at eg har skrive masteroppgåve om russisk porno. Då er det kanskje ikkje rart eg vart litt oppglødd over NRK sitt nettoppslag for to dagar sidan:

Russland og Hviterussland i pornostrid

Det er vanskeleg å ikkje kose seg litt over at det eg har skrive om, som nokre kanskje ser på som heller tøysete, faktisk kan vera så interessant at det vert ei NRK-sak. Pornografi er nemleg langt meir enn berre personar som har samleie framfor kamera. Porno kan seie ganske mykje om eit samfunn, mellom anna kan det innehalde satire eller politiske ytringar, slik som var tilfelle denne gongen.

På same tid som det var interessant å finne ei sak om russisk porno på framsida til NRK, innser eg at mi sjanse til å uttale meg om emnet kanskje passerde i same slengen. Russiske pornosaker dukkar jo ikkje opp dagleg, det skal faktisk noko til at ei ny får prioritet hjå NRK i overskueleg framtid. Om det likevel skulle skje: Eg sit her til disposisjon!

Og alle som har greie på spanande nyhende frå Sogn og Fjordane kan gjerne få stille seg til disposisjon for meg. Den siste veka på Nynorsk mediesenter har nemleg vore prega av at det har vore vanskelegare å finne saker enn å lage noko av dei. Det er ikkje få telefonsamtaler, djupdykk i postlister og gjennomlesingar av aviser som har rykka meg attende til start i løpet av dei siste dagane. Det er trass alt betre å stampe i ei sak enn å stampe utan sak. Eg ynskjer tips, gjerne skikkeleg gode. Og har du eit tips som kombinerer lokal forankring til Sogn og Fjordane med russisk pornografi, då skal du sanneleg få eit feiande flott krus med Nynorsk medisenter-logo.

Den omtalde masteroppgåva mi har forresten nyleg vorte publiserd på internett, klikk her for å sjå ho. Ein viss diskresjon er tilrådd.