19. desember 2012
av Magni Øvrebotten

Det skjer under

I går vedtok styret i NRK å opprette eit sjølvstendig NRK Finnmark på nytt, etter at det eldste distriktskontoret i NRK vart lagt ned i 2002. Det er eit under! – Spydspiss i regionaliseringa av Norge Eg er slett ingen uhilda person i dette tilfellet, då eg i 2001/2002 kjempa saman med dåverande distriktsredaktør Heidi Pleym i […]

I går vedtok styret i NRK å opprette eit sjølvstendig NRK Finnmark på nytt, etter at det eldste distriktskontoret i NRK vart lagt ned i 2002. Det er eit under!

– Spydspiss i regionaliseringa av Norge

Eg er slett ingen uhilda person i dette tilfellet, då eg i 2001/2002 kjempa saman med dåverande distriktsredaktør Heidi Pleym i NRK Finnmark for å beholde sjølvstendige distriktskontor i Finnmark og Sogn og Fjordane. Vi hadde både kringkastingssjef John G. Bernander og nyhende- og distriksredaktør Anne Aasheim, og resten av distriktsredaktørane, mot oss. Dei hadde fått det føre seg at » NRK skulle vere ein spydspiss i regionaliseringa av Norge». Pengar skulle det visst også sparast med dette, men det vart det fort stilt om.

I Sogn og Fjordane vart det raskt eit sterkt folkeleg og politisk engasjement for å beholde eit sjølvstendig distriktskontor, i Finnmark tok det litt lenger tid før dei trudde det kunne vere sant at dei skulle leggast under Tromsø. Det trur eg gjorde at vi fekk ulike lagnader.

Historisk generalforsamling 

NRK-styret vedtok i august 2002 at det ikkje skulle vere sjølvstendige distriktskontor i Finnmark og Sogn og Fjordane, vi skulle styrast frå Tromsø og Bergen. Men same dagen stogga generalforsamlinga i NRK, dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland, dette styrevedtaket. Det er i seg sjølv historisk. Ho ville fyrst ha på bordet kva røynsler NRK hadde med samanslåingane av kontora i Oppland/Hedmark og Trøndelagsfylka året før, gjort i ei handvende i desember 2001.

I NRK Sogn og Fjordane hadde vi kasta ut ein redningsbøye kalla Nynorsk kompetansesenter, der ideen var å sette i system den opplæringa vi i årevis hadde drive av nynorskbrukande journalistar, til nytte for både NRK, TV2 og andre medieverksemder. Det var ingen respons i NRK, men politisk fall ideen i god jord. I januar 2003 vedtok NRK-styret at det skulle opprettast eit Nynorsk kompetansesenter i Førde, med eit sjølvstendig NRK Sogn og Fjordane som vertsredaksjon. Men NRK Finnmark rauk. Det hugsar eg som ei diger flenge i gleda vår over at NRK Sogn og Fjordane overlevde som sjølvstendig kontor, og endåtil fekk Nynorsk mediesenter med på kjøpet. Lagnaden til NRK Finnmark har plaga meg til dags dato.

No eller aldri

Eg har drøymt om at Finnmark skulle få att sjølvstende, men eigentleg aldri trudd at det var mogeleg. Men skulle det skje måtte det vere medan Hans-Tore Bjerkaas var kringkastingssjef. Han var den fyrste distriktsredaktøren som skulle få det vidsveimte NRK Troms og Finnmark til å fungere, ei umogeleg oppgåve, både for han og seinare redaktørar. Det tener både Bjerkaas, distriktsdirektør Grethe Gynnhild Johnsen og NRK-styret til ære at dei let NRK Finnmark reise seg att, no med hovudkontor i Alta. Det var kanskje den vrien som måtte til for å få det til?

Samanslåing til store einingar har vore ei farsott som har ridd landet i årevis, både i media og elles, utan at dei nødvendigvis har vore til det betre. Men i den tankeverda finst det ikkje revers. I så måte er vedtaket i NRK-styret i går «mot normalt», men diverre trur eg ikkje på slike under at det kan bli smittsamt.

Fleire nynorske mediesenter  

Ideen Nynorsk kompetansenter var vedteken før han vart utgreidd i 2003, og vart til Nynorsk mediesenter i 2004. Til denne tid har vi sendt frå oss 80 nynorskbrukande journalistar, og 75 prosent av dei arbeider i media. Vi vart modell for NRK FleRE, for opplæring av fleirkulturelle journalistar, der det åttande kullet er under opplæring. Neste år får vi endå ei systerverksemd, Nynorsk avissenter i Førde, for opplæring av nynorskbrukande journalistar til avis og nett. 

I morgon takkar vi av det syttande kullet med nynorskpraktikantar i Førde, og 3. januar kjem kull 18. Vi gler oss til å samarbeide med Nynorsk avissenter i Firda, og ynskjer alle ei god jul og godt nytt år. Med ei særleg helsing til Finnmark.