5. november 2013

Dette er kull 20

Liv Ragnhild Holdhus Sjursen (1984), frå Fusa, Oddbjørn Myklebust Opsal (1988), frå Vegsund i Ålesund, Guro Kvalnes (1991) frå Ullensvang, Halvor Farsund Storvik (1981) frå Sogndal og Silje Steinnes Bjerknes (1988) frå Volda.

Det var 25 søkjarar til kull 20 med nynorskpraktikantar og åtte av dei var inne til konferanse, språk- og studiotest. Kull 20 byrjar på opplæringa 3. januar og er ferdige som nynorskpraktikantar til 1. juli 2014.

Bilete frå venstre:

Liv Ragnhild Holdhus Sjursen kjem frå Fusa i Hordaland, er fødd i 1984 og arbeider som nettmedarbeidar i kommunikasjonsavdelinga på NTNU i Trondheim. Ho har master i språkleg kommunikasjon og Bachelor i Nordisk språk og litteratur frå NTNU. Etter avslutta studiar har ho arbeidd som sakshandsamar og rettleiar i ulike avdelingar på NTNU.

Oddbjørn Myklebust Opsal er fødd i 1988 og kjem frå Vegsund i Ålesund kommune. Han er utdanna kokk og har arbeidd som kokk og servitør i Ålesund og Oslo sidan han var ferdig utdanna i 2008. Har studerte estetiske fag ved Universitetet i Oslo, med emna estetikk, medievitskap og litteratur.

Guro Kvalnes er frå Ullensvang i Hardanger, fødd 1991, og studerer  kunst ved Universitetet i Oslo. I vår fullførde ho ein Bachelor allmenn litteraturvitskap ved UiO. Kvalnes har vore aktiv i studentradioen Radio Nova, der ho er journalist og programleiar i programmet «Skumma kultur».

Halvor Farsund Storvik, Sogndal, er fødd i 1981 og journalist i Sogn Avis. Han har master i journalistikk frå Universitetet i St. Petersburg i Russland, og budde og studerte der i sju år. Om somrane var han sommarvikar i Sogn Avis. Storvik har også studert historie ved NTNU i Trondheim.

Silje Steinnes Bjerknes, kjem frå Volda og er fødd i 1988. Våren 2013 fullførde ho ein master i kultur-, samfunn – og sosialpsykologi ved NTNU i Trondheim. Frå før har ho eit årsstudium i mediekunnskap frå Høgskulen i Volda.  Bjerknes arbeider som ferskvaresjef på ein Sparbutikk i Trondheim, der ho har arbeidd jamsides studiane.