11. november 2014

Dette er kull 22

På kull 22 har det kome inn ein halling, ein setesdøl, ein stril og to sunnfjordingar. Tre menn og to kvinner i alderen 24 til 29. – Vi er glade for å få med nynorskbrukarar frå Hallingdal og Setesdal, Derifrå er det få nynorskbrukarar i media, og den språklege sjølvkjensla treng slike føredøme, seier Magni Øvrebotten.

Det var 40 søkjarar til kull 22 og tolv vart kalla inn til intervju, språk- og studiotest. Dette er dei fem som startar på opplæringa 5. januar 2015:

Steinar Daltveit (1989), frå Valestrandsfossen i Osterøy kommune, Hordaland. Han er i ferd med å gjere ferdig ein Master i Industriell Økonomi og Teknologileiing/sivilingeniør ved NTNU i Trondheim. Han skriv masteroppgåve om korleis utanlandske dotterselskap av multinasjonale selskap i underhaldningsbransjen oppnår suksess. Han samarbeider med Eyeworks Norway om masteroppgåva.

Gjennom dette tverrfaglege sivilingeniørstudiet har Daltveit fått inngåande kunnskapar om TV-bransjen, strategi, marknadsføring og økonomi. Som ein del av mastergraden har han vore på utveksling til University of California, i San Diego, USA. I fjor sommar hadde han praksis i verdas største kommersielle meklarselskap, CBRE i USA.Somrane før hadde han sommarjobbar som vektar i Securitas og som drosjesjåfør.

Gunnhild Årdal (1987), frå Florø i Sogn og Fjordane. Informasjonskonsulent i AidCom AS, som overvakar nyhende i heile verda og sender ut varsel til folk som er på reise, om alt frå jordskjelv til politiske demonstrasjonar. Har også vore nyhendeovervakar i Yomando AS, som overvakar nyhende i Norge for ulike norske bedrifter og departement.

Årdal har Master og BA i statsvitskap frå UiO. Ho har vore utvekslingsstudent ved Université Laval, Quebec i Canada og Institut d´études politiques (IEP), Sciences Po´, Lyon i Frankrike. Ho har arbeidd som vitskapleg assistent ved UiO, vore prosjektmedarbeidar for Leger uten grenser, norsklærar for innvandrarar og vikar i barneskulen, praktikant ved Den norske ambassaden i Paris og reiseleiar i Italia.

Bård Holmen Solvik (1985), frå Førde i Sogn og Fjordane. Har Bachelor i statsvitskap ved UiO og ein i afrikanske og asiatiske studiar ved UiO/Damaskus/International language institute i Kairo. Han er i ferd med å fullføre ein Master i Freds- og konfliktstudiar frå UiO.

Solvik har arbeidd som konsulent ved Institutt for forsvarstidiar. Tidlegare har han arbeidd med rekruttering av studentar for Universitetet i Oslo, med å reise rundt og halde føredrag på vidaregåande skular. Han har vore lærarvikar ved Sinsen skole i Oslo, gartnar/assistent i entreprenørfirma, assistent i barnehage og konfirmantleiar for Human-Etisk Forbund.

Signe Fuglesteg Luksengard (1990), frå Level i Ål kommune, i Hallingdal. Ho arbeider som frilansfotograf i Trondheim, der ho i vår var ferdig med eit toårig studie i fagfoto ved Norsk Fotofagskole. Har eit års studium i fransk med kunsthistorie, i Gateway College, Paris. Ho har vore både elev og stipendiat ved Lofoten folkehøgskule.

Luksengard har vore frilansar for lokalavisa Hallingdølen, både som journalist og fotograf sidan 2011. I fjor sommar hadde ho sommarjobb i avisa. – Eg har alltid skrive nynorsk og prata dialekt, og synst det er viktig at nokon fokuserer på nynorsken. Foreldra mine har vore nøgne med oppdraginga, både i nynorsk og dialekt, og det er eg glad for, seier Signe Fuglesteg Luksengard.

Olav Åsen Haugsgjerd (1988), frå Grendi i Bygland kommune, Setesdal. Arbeidande odelsgut på Åsen gard, der dei driv med sau og forvalting av kulturlandskap. Har studert journalistikk i to år ved Norges kreative fagskole i Bergen, historie og geografi ved UIB og kristendom, etikk og religion ved Norsk Lærerakademi i Bergen. Har også gått idrettslina ved Hardanger folkehøgskule.

Haugsgjerd har vore miljøarbeidar ved Sandviken psykiatriske sjukehus i Bergen, reporter/programleiar i Studentradioen, journalist/samfunnsredaktør i Samviten. Det er eit magasin ved Samfunnsvitskapleg fakultet ved UiB. Han har også vore frilansar/sommarvikar i lokalavisa Setesdølen, og aktiv i Venstre og mållaget.