11. mai 2015

Dette er kull 23

Det var 58 søkjarar og tretten av dei var inne til intervju, språk- og studiotest. Vi fekk mest tru på dette laget, frå venstre: Kjersti Anderdal Bakken, frå Gol i Hallingdal, Thomas Brakstad, Frekhaug i Hordaland, Elise Sundfør Erdal, Tysvær i Rogaland, Even Lusæter, Vågå i Oppland og Line Omland Eilevstjønn, Vinje i Telemark.

Kjersti Anderdal Bakken (1990), kjem frå Gol i Hallingdal. Ho er snart ferdig med ein Master i musikkvitskap ved NTNU i Trondheim, med andrefordjuping i mediefag. Masteroppgåva hennar handlar om musikkstrategien i NRK radio.

I samband med studia har ho vore på utveksling til University of Sydney, Australia. Før ho byrja studere gjekk ho jazzlina ved Trøndertun folkehøgskule.

Kjersti Anderdal Bakken har vore sommarvikar og frilansar for  lokalavisa Hallingdølen, og arbeidd i Studentmediene i Trondheim. Der har ho vore knytt til musikkredaksjonen i Radio Revolt, både som musikkredaktør, sendeteknikar, og skrivande- og radiojournalist.

Thomas Brakstad (1989), frå Frekhaug, Meland kommune i Hordaland. Har Bachelor i journalistikk frå Queensland University of Technology, Brisbane, Australia.

Heilt sidan han var 12 år har Thomas visst at det var journalist han skulle bli. Han fekk arbeidsveke i lokalavisa Strilen i tiande klasse på ungdomsskulen, og heldt fram som frilansar i seks år. Har også vore frilansar for sportredaksjonane i Bergensavisen, Bergens Tidende og VG.

Elise Sundfør Erdal (1986), frå Tysvær i Rogaland. Snart ferdig med eit årsstudium i praktisk pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Derifrå har ho frå før Mastergrad i nordiske studium.

Masteroppgåva hadde tittelen «Med språket som verktøy – eit kvalitativt sosiolingvistisk studium av språket bruk i dramatikk». Andre fag i masterprogrammet var: tekstvitskap, retorikk, sosiolingvistikk, namnegransking, språk i det fleirkulturelle samfunnet, nordisk prosjektsemester, vitskapsteori og metode.

Elise Sundfør Erdal har også studert historie, spansk språk og latinamerikansk kultur, og eit årsstudium i tverrkulturell kommunikasjon og internasjonalt arbeid. Det var ved Hald Internasjonale senter, Mandal/Peru. Studiet omfatta sju månaders praksis i Amazonasjungelen i Peru. Ho har også gått på Øytun folkehøgskule i Alta.

I arbeidslivet har ho vore lektor ved fleire vidaregåande skular i Oslo, og undervist i norsk, samfunnsfag og spansk. I studietida var ho mellom anna omvisar på Slottet, informasjonskonsulent ved Den Nationale Scene i Bergen og informasjons-og pressemedarbeidar i NRK Drama/Radioteateret i NRK.

Even Lusæter (1979), frå Heidal, i Sel kommune, Oppland. Busett i Vågå og lektor i norsk og historie ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, Otta. Der har han arbeidd i tre år etter at han tok hovudfag i norsk og historie ved Universitetet i Oslo.

Før studiane arbeidde han som gravemaskinkøyrar i sju år etter  vidaregåande skule. Han er folkemusikar og har dei siste ti åra farta mykje rundt på ulike underhaldningsoppdrag, og i tillegg til å spele fele likar han å formidle litteratur, lyrikk og lokal kultur, som programleiar.

Even Lusæter er ein aktiv organisasjonsmann innan målrørsle, folkemusikk og litteraturformidling.

Line Omland Eilevstjønn (1993), frå Vinje i Telemark. Nett ferdig med åtte månader med journalistikk og featureskriving ved Southampton Solent University, London. Det er ei forlenging av den toårige journalistutdanninga ved Norges Kreative Høyskole i Oslo.

I studietida har ho vore sommarvikar i lokalavisa Vest-Telemark Blad og i Kvinner og Klær. I KK har ho også hatt praksis og vore frilansar.

Fleirtal med austlendingar

– Det er stas at vi for fyrste gong har fleirtal av austnorske nynorskbrukarar på eit kull. Det er andre gongen i soga at vi har ein gudbrandsdøl på laget, femte gongen at det er med ein halling og sjette gongen at det er ein telemarking på kullet, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

– Vi skal lære opp dyktige journalistar, som også er språklege føredøme. Difor er det viktig å få tak i slike frå alle delar av landet der dei snakkar ei nynorsknær dialekt, seier Øvrebotten.

Om nokon lurer så er det 23 gongen det er med ein hordalending på eit kull, og femtande gongen vi har med ein rogalending. Men det er fyrste gongen det er med folk frå kommunane Meland og Tysvær. Sjå fylkesfordelinga her