3. mai 2019

Dette er kull 31

To kvinner og tre menn vert nynorskpraktikantar frå 19. august. Det er Lars Volldal, Os i Hordaland, Oda Elise Svelstad, Sel i Oppland, Elias Håvarstein, Stavanger, Vilde Gjerde Lied, Stranda og Hans Ivar Moss Kolseth, Nordfjordeid.

Det var 34 søkjarar til kull 31 med nynorskpraktikantar og tolv av dei har vore inne til intervju, nynorsk- og studiotest. Dei skal byrje på opplæringa i Førde 19. august og er ferdige som nynorskpraktikantar til 1. mars 2020. Her litt om bakgrunnen til dei fem på kull 31:

Lars Volldal
fødd 1987, Leikanger i Sogn, men har dei siste ti åra budd på Os i Hordaland. Han har ein bachelor i historie frå Universitetet i Bergen, med fokus på vitskapshistorie og politisk historie. Redaktør og medgrunnleggar av tidsskriftet Røyst, eit politisk tidsskrift på venstresida i norsk politikk. Volldal har vore aktiv i Miljøpartiet Dei Grøne, både i Sogn og Fjordane og i Hordaland, men er ikkje medlem av noko parti lenger. Elles har han mellom anna vore aktiv i Studentersamfunnet og driftsleiar for Det Akademiske Kvarter i Bergen.

Oda Elise Svelstad
fødd 1993, frå Nord-Sel, Sel kommune, Oppland. Snart ferdig utdanna lektor i nordisk og engelsk ved Universitetet i Oslo, med fokus på fagleg formidling. Med den utdanninga har ho tileigna seg kunnskap i litteraturhistorie, språkvitskap, kultur og siviliasjon, sett frå både ein norsk, engelsk og amerikansk ståstad. Ho har budd eitt år i Paris der ho studerte fransk språk, kultur og sivilisasjon, og teke eit år med Europastudium ved Universitetet i Oslo. Det siste året har ho arbeidd som kulturjournalist i Radio Nova, Studentradioen i Oslo, og fått lyst til å bli journalist.

Elias Håvarstein
fødd 1996, Randaberg i Rogaland. Studerer til ein bachelorgrad i religionshistorie ved Universitetet i Bergen, og tek i tillegg nokre fag i psykologi. Han har også studert tysk eitt semester ved German Language School of Berlin. Håvarstein gjekk i den siste nynorskklassen i grunnskulen på Randaberg (nabokommune til Stavanger). Som vaksen finn han det underleg at dei var dei siste med nynorsk hovudmål der, sjølv om dialekta deira ligg mykje nærmare nynorsk enn bokmål. No ynskjer han å bli betre i nynorsk og lære seg journalistikk.

Vilde Gjerde Lied
fødd 1995, Liabygda i Stranda kommune, på Sunnmøre. Denne våren er ho ferdig med ein bachelor i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, der ho hovudsakleg har fordjupa seg i politisk og økonomisk geografi. I bacheloroppgåva si ser ho på samanhengen mellom eit meir kostnadseffektivt samfunn og fråflytting frå bygda. Ho har også hatt eit utvekslingssemester ved Universitetet i São Paulo, i Brasil. Vilde Gjerde Lied har vore aktiv på fleire plan i Latin-Amerikagruppene og redaksjonsmedlem i Tidsskrift LatinAmerika, og sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

Hans Ivar Moss Kolseth
fødd 1995, Nordfjordeid, Eid kommune i Nordfjord. Han er i ferd med å fullføre ein bachelorgrad i nett- og avisjournalistikk ved Høgskulen i Volda. I samband med studia har han arbeidd i Bergens Tidende, Teknisk Ukeblad, Digi.no, Fjordingen og Studenttorget.no. Han er nett komen heim frå to månadar som praktikant i San Franscisco for Digi.no og Teknisk Ukeblad. Moss Kolseth ynskjer å bli betre i nynorsk som mediespråk og å lære seg radio og fjernsyn. Kolseth har også studert samfunnskunnskap ved NTNU.