28. april 2020

Dette er kull 33

Tre kvinner og to menn, frå Hardanger, Nordfjord og Sunnmøre, er tilsette som nynorskpraktikantar på kull 33. Dette er det fyrste kullet som er tilsett via videokonferanse. – Det er inga ideell løysing, men i koronaens tid var det einaste måten å gjere det på. Difor vert det ekstra spennande å møte desse fem 19. august, seier Magni Øvrebotten, som har tilsett saman med faglærar Rune Fossum Lillesvangstu.

Det var 45 søkjarar til kull 33 og vi hadde videokonferanse med elleve av dei. Dei fem som kjem inn skal byrje på opplæringa i Førde 19. august og blir her til jul. Etter nyttår skal dei i to månaders praksis i andre redaksjonar. Dette er dei fem heldige:

Seline Larsen (1998), frå Måløy, Kinn kommune, Nordfjord. Ho fullfører denne våren ein bachelor i TV-produksjon ved Universitetet i Bergen. I samband med studia hadde ho åtte veker med praksis i NRK Sogn og Fjordane i fjor haust, der ho arbeidde mest som fotograf og redigerar (videojournalist). Men ho fekk også prøve seg på radio og med å skrive nettsaker. Det gav meirsmak, og ho søkjer Nynorsk mediesenter for å lære seg meir om journalistikk og nynorsk som mediespråk.

Per-Ivar Kvalsvik (1993), frå Kvalsvika, Herøy kommune på Sunnmøre. Han har ein bachelor i jus- og administrasjon ved Høgskulen i Molde. Dei to siste åra har han vore fast tilsett som assisterande avdelingsleiar i Bjarne Øverland AS, som driv med bilutleige for Hertz. Der arbeidde han også i studietida. Kvalsvik skriv i søknaden at han er frå ein familie som har «ein tendens til å ende på talarstolen nesten same kva type tilstelling det er snakk om». Han er oppteken av forteljetradisjonen, glad i å skive og ynskjer å bli journalist.

Eirin Tjoflot (1994), frå Hovland, Ullensvang kommune i Hardanger. Ho avsluttar denne våren ein master i undervisingsvitskap, med fordjuping i norsk, ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er utdanna grunnskulelærar, med norsk og matematikk som hovudfag, og ho har arbeidd både i skule og barnehage. Sidan sommaren 2015 har ho vore sommarvikar i Hardanger folkeblad. Tjoflot er aktiv hardingfelespelar og driv som instruktør både i hardingfele og kveding, og CV-en tyder på at ho er eit utprega organisasjonsmenneske, særleg innan folkemusikk- og ungdomslagsrørsle.

Lidvard Sandven (1996), frå Øystese, Kvam herad i Hardanger. Han har ein bachelor i samanliknade politikk frå Universitetet i Bergen, og tek no enkeltemne i historie ved same universitet. Han har også gått Stand up og revy-linja ved Ringerike folkehøgskule. Sandven har vore sommarvikar i Hordaland folkeblad og arbeidd for Studentradioen i Bergen. Han har også vore aktiv i Fagutvalet for samanliknande politikk og Studentersamfunnet, der han har leia møter og vore konferansier på ulike arrangement. Hausten 2019 dreiv han med frivillig, humanitært arbeid på ein barneheim på Fillippinane.

Linn Haug Eide (1994), frå Osmundvåg, Kinn kommune, Nordfjord. Ho har ein master i biomedisin frå Universitetet i Bergen. Masteroppgåva handla om «Antistoffresponsar i pasientar med influensainfeksjon og korleis det korrelerer til klinisk sjukdom». I studiet var ho utvekslingsstudent ved University of Sydney, i Australia. Der ho fordjupa seg i immunologi, ernæring og human biologi. No har ho eit vikariat som avdelingsingeniør ved Folkehelseinstituttet. Der forskar ho på smittsame sjukdomar og nett no går det mykje i korona. Tidlegare har ho arbeidd som avdelingsingeniør ved influensasenteret  i Helse Bergen. Linn Haug Eide har alltid likt å skrive og gått med ein draum om å bli journalist. Ho søkjer NRK Nynorsk mediesenter for å finne ut om det er rette draumen å satse på.