2. mars 2020

Digital formidlar på Vinje-senteret

Line Omland Eilevstjønn er tilsett som digital formidlar ved Vinje-senteret i Vinje. Det er eit forskings- og formidlingssenter for dikting, journalistikk, nynorsk skriftkultur og kultur, med rot i Aasmund Olavsson Vinje sitt liv og arbeid som forfattar og journalist. – Eg kan nesten ikkje tru at eg får høve til å forme ei så spennande stilling i eit så spennande prosjekt, i bygda som bur i hjarte mitt. Eg gler meg stort til å arbeide med den digitale formidlinga ved Vinje-senteret, seier Line Omland Eilevstjønn til Vest-Telemark Blad.

Line Omland Eilevstjønn (1993) kjem frå Åmot i Vinje. Ho er journalist i Nationen og var nynorskpraktikant i 2015/16 og hadde praksis i NRK Telemark. Etterpå takka ho ja til ei prosjektstilling i Vest-Telemark Blad for å utvikle nettsidene deira, særleg med tanke på ungdom.
Vinje-senteret er eit forskings- og formidlingssenter under etablering . Nynorsk kultursentrum er eigar, og realiserer senteret med private og offentlege midlar. Bygget skal stå ferdig sommaren 2020, og senteret opnar med fullt publikumstilbod hausten 2021, skriv Vest-Telemark Blad.