23. juni 2020

Digital formidlar ved Vinje-senteret

I september byrjar Line Omland Eilevstjønn som digital formidlar ved Vinje-senteret – eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk, som er under oppbygging i Vinje i Telemark. Den fyrste moderne jounalisten, Aasmund Olavsson Vinje, var derifrå. – Dette er det nærmaste ein draumejobb eg har kome så langt, seier Eilevstjøn

 

Vinje-senteret er saman med Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik ein del av Nynorsk kultursentrum. Line Omland Eilevstjønn (1993) var nynorskpraktikant 2015/16. Sidan då har ho arbeidd som journalist i NRK Telemark, Vest-Telemark Blad og Nationen. Til hausten flyttar ho heim til Vinje. – Det trur eg blir veldig fint. No har eg prøva storbylivet i fleire omgangar. Hjartet mitt bur alltid i Vest-Telemark.

– Kva går jobben ut på?

– Eg skal planlegge og gjennomføre alle typar digitale prosjekt som skal marknadsføre og synleggjere Vinje-senteret. Det kan vera alt frå postar i sosiale media og laging av videoar til å spele inn podkastar og skrive artiklar. Dette er eit heilt nytt senter og ei heilt ny stilling, noko som var veldig attraktivt for meg. Å få høve til å vera med å utforme draumejobben er det ikkje alle som får.

Det var ikkje berre enkelt å ta valet om å slutte i Nationen, der ho har vore i eitt år. – Det har vore utruleg artig å prøve seg på ei riksavis etter fleire år i Vest-Telemark blad. Eg har lært mykje, sett mykje og brynt meg på mykje, seier Line Omland Eilevstjønn.