25. mars 2014

Direkte på torskefiske

Nynorskpraktikant direkte i fem timar frå torskefiske.

Tidlegare nynorskpraktikant Wilhelm Støylen er sentral i ei fem timar lang direktesending frå torskefisket ved Ålesund.

Fisket etter den berømte borgundfjordtorsken har lange tradisjonar i Ålesund.

I år skal NRK Møre og Romsdal for fyrste gong ha ei maratonsending frå fisket.

Så får vi sjå om Wilhelm får stortorsken på direkten.