https://www.nynorskmediesenter.no/Direkteøving for fyrste gong
21. september 2012

Direkteøving for fyrste gong

– Eg vart heilt gloheit av nervøsitet! Det kjendest så ekte, fortel Jon Bolstad. For fyrste gong får eit praktikantkull øve seg på å vere forteljande reporterar i studio.

Det er ein ny måte å formidle på, som ofte blir brukt i sendingane for å skape variasjon, og kjem i tillegg til tradisjonelle reportasjar.

 – Veldig imponerande, seier Stian Sjursen Takle, programleiar og journalist ved NRK Sogn og Fjordane. Han har stått for opplæringa og tykkjer praktikantane kom godt ut av denne øvinga.

For fyrste gong skal praktikantane i ein turnus på desken der dei, i tillegg til vanleg radioarbeid, også skal vere med i eit sende-team. Der skal dei planlegge saker, få tak i gjestar og vere med på direkterapporteringar. 

 – Dette var god trening og veldig kjekt. Stian gjorde det trygt i studio, og det var bra at vi kunne sitje å høyre på kvarandre, seier Jon Bolstad