28. oktober 2015

Dommartrøyst gav mange treff

Sist måndag skreiv og delte Eirik Hildal ei nettsak om fotballspelaren som fekk trøyst og omsorg av dommaren, etter å ha øydelagt kneet sitt på ein fotballkamp i Stryn. Hildal åtvara mot sterke bilete. – Saka fekk ein utruleg respons, seier Britt Jorunn Svanes, vaktsjef for nett i NRK Sogn og Fjordane.

Ho ramsar opp «over 338 179 i rekkevidde/reach, 2356 likes, 61 delingar, og 53 kommentarar, berre frå vår deling», seier ein nøgd vaktsjef Svanes. Journalist Eirik Hildal (bilete) er tidlegare nynorskpraktikant og no vikar i NRK Sogn og Fjordane.

Det var strynespelar Are Njøten som rauk alt som kunne rykast i kneet, og dommar Sureskumar Kathiravel som sette seg ned med han til det kom helsepersonell og tok over.

Les saka her

Skjermbilde