28. mai 2015

Effektiv journalistutdanning

Her set dei «norgesrekord i effektiv journalist-utdanning»! Og den er det rekordmange som vil ha, skriv Medier24

Nettavisa har intervjua Ivar Myklebust Longvastøl, leiar for Stiftinga Nynorsk avissenter i Førde. Her fortel han at opplæringa nynorskpraktikantane i Førde kan samanliknast med å ta ei flaske tran på styrten. Denne våren fekk Nynorsk Avissenter rekordmange søkjarar, og Nynorsk mediesenter fekk det nest beste søkjartalet nokon gong. Les heile reportasjen her.