22. februar 2012

Eg – den nye Cecilie Leganger

I dag fekk vi for første gong prøve oss som radioreporterar på direkten. Eller «direkten», for dette var berre øving. Etter å ha planlagt innslaga våre i går, sette vi i dag i gang den store HF-radiostafetten. I dag har eg altså lært meg både ny teknologi og ei ny tyding av forkortinga HF, som for ein […]

I dag fekk vi for første gong prøve oss som radioreporterar på direkten. Eller «direkten», for dette var berre øving. Etter å ha planlagt innslaga våre i går, sette vi i dag i gang den store HF-radiostafetten.

I dag har eg altså lært meg både ny teknologi og ei ny tyding av forkortinga HF, som for ein gammal student viser til «det humanistiske fakultet» eller, som det heitte før, «det historisk-filosofiske fakultet». Eg studerte så lenge at eg fekk gå på begge to.

Men i radioverda tyder HF «high frequency», og kort sagt handlar det om direktesending. Utstyret for HF-radio gjekk på rundgang mellom alle praktikantane, som hadde valt seg ulike åstader for direktesending, stort sett i Førde sentrum. Til den første (og siste, meir blir det truleg ikkje tid til før vi skal ha internpraksis) øvinga i HF hadde eg valt meg ut Gjensidige Handballskule som tema for innslaget.

Handballskulen er eit haust- og vinterferietilbod til alle mellom sju og tretten år, og denne veka har dei hatt rekordstor påmelding. For første gong opplever dei å måtte auke makstalet på deltakarar frå 60 til 70, og fleire fekk ikkje plass. Eg ville spørje ein av arrangørane, Odd Erik Gullaksen, om kvifor pågangen har auka slik.

Samstundes er direktesendt radio ekstra avhengig av gode situasjonar. Noko må skje, og helst bør ei spenning byggast opp i løpet av innslaget, som så blir utløyst mot slutten. Ein del av poenget med direktesending er at publikum skal få kome så tett på det som skjer når det skjer.

Men sjølv om innslaget skal kjennast spontant, er det minst like viktig å planleggje godt før ei direktesending som før ein gjer opptak til radioreportasjar. Du har den tida du har, vanlegvis rundt tre-fire minutt, og kan ikkje redigere i etterkant. Det gjeld difor å leggje så godt til rette for historia du vil fortelje som du kan på førehand.

Historia mi tok altså utgangspunkt i ei aukande handballinteresse blant unge i Førde. Det verkar lenge sidan no, og det er då også over tjue år sidan eg sjølv var det ein kan kalle handballfantast.

Rundt 1990 var eg og nabojenta der eg då budde nemleg hekta på handball, rett nok på tv. Vi kunne songane til Bækkelaget og Gjerpen, og hadde klare meiningar om spelarane, til dømes kven som var best i mål av Annette Skottvoll og Cecilie Leganger.

Slik eg hugsar det, dabba interessa for handball av like fort som ho kom. Men sjølv om eg no ikkje på noko vis kan rekne meg som sportsidiot, har eg då fått med meg at Cecilie Leganger fekk ei lang og god karriere også etter at eg slutta å følgje med. I dag er det visst Camilla Herrem som gjeld, i alle fall for 10-åringane Sander og Andreas.

I HF-innslaget ville eg at dei skulle lære meg kva som skal til for å bli like god som både Cecilie Leganger og Katrine Lunde, som er landslagskeeper for Noreg i dag.

Først sette eg den drivne målskoraren Andreas til å skyte på Sander, som har avverga mange mål. Sander redda denne gongen også. Deretter prata eg med Gullaksen om rekordpågangen, og så med gutane om kvifor dei vil bruke vinterferien i gymsalen heller enn i sofaen heime.

Plutseleg fekk eg melding på øyret om at eg snart måtte runde av, så då heiv eg meg sjølv framfor målet, som ei anna Cecilie Leganger, medan Andreas skulle skyte. Denne gongen gjekk ballen i mål. Det meste gjekk etter planen, med andre ord.

Det er på tide å avrunde dette innlegget også, og seie at dette var moro. Sjølv om innslaga ikkje vart sende fekk vi alle kjenne på det ekstra presset om å gjere det beste ut av den tida ein har, med tanke på fokus og gode situasjonar. Eg var takknemleg for at eg hadde lagt ein plan for handlingsgangen og kven eg skulle snakke med om kva.

Det kan også lett gå i stå, stoppe opp eller drøye ut dersom ein får svar ein ikkje hadde tenkt seg, og då gjeld det å ha gjort seg opp tankar om oppfølgingsspørsmål. Dette var altså ei fin, ja, oppfølging til det Sigrid Sollund sa om det gode intervjuet, då ho var på besøk måndag denne veka. Dette har eg skrive litt om her.

No skal vi faktisk ha besøk her resten av veka. I morgon kjem Solveig Hareide for å snakke om barneprogrammet Kosinus, og fredag skal Noralv Pedersen snakke om språk. Han er journalist nede på desken her i NRK Sogn og Fjordane.

Meir om dette seinare!