23. august 2012

Eg er nynorskpraktikant!

Allereie etter fire dagar trivst eg godt som nynorskpraktikant og ser fram til fleire utfordringar framover. Eg har ingen erfaring med journalistarbeidet, men interessa er stor. Det er difor eg har søkt meg til Nynorsk mediesenter og eg føler meg svært heldig som har fått sjansen! Etter 5 år i Bergen var det også på […]

blogg1

Allereie etter fire dagar trivst eg godt som nynorskpraktikant og ser fram til fleire utfordringar framover. Eg har ingen erfaring med journalistarbeidet, men interessa er stor. Det er difor eg har søkt meg til Nynorsk mediesenter og eg føler meg svært heldig som har fått sjansen! Etter 5 år i Bergen var det også på tide å prøva noko nytt. Det kjipaste har vore å reisa frå banda mine og alle vennene i Bergen, men eg skal klara meg! Eg skal nemleg tilbringe praktikanttida saman med 4 kjekke jenter, så eg ser absolutt ingen grunn til å klaga!

Hybelen min ligg eit steinkast frå NRK, og der deler eg kjøken med Tale og Marte. Då eg kom til Førde søndag kveld hadde jentene bakt i hop ei særdeles god gulrotkaka, så dette kan eg bli vand med.

Ellers reknar eg med at det blir travle og lange dagar, men det er heilt topp. Satsar på å få skaffa meg eit øvingslokale i Førde, så eg får øvd litt trommer også! Det er vel berre det som manglar, og fell det på plass, so må eg seie at Førde er tommel opp!