14. mars 2012

– Eg tenkjer

Det er ingen som meiner, føler og tykkjer noko lenger. No «tenkjer» alle. Det er det nye munnhellet, i byte for «ikkje sant», «på sikt», osv. Visst kan det vere høve der det kan vere lurt å vere forsiktig i tilnærminga, og ta utgangspunkt i seg sjølv og det ein tenkjer. Folk går ikkje så […]

Det er ingen som meiner, føler og tykkjer noko lenger. No «tenkjer» alle. Det er det nye munnhellet, i byte for «ikkje sant», «på sikt», osv.

Visst kan det vere høve der det kan vere lurt å vere forsiktig i tilnærminga, og ta utgangspunkt i seg sjølv og det ein tenkjer. Folk går ikkje så lett i vranglås då, dei går ikkje til angrep på ein, det vert ingen debatt. Er det det vi vil unngå med å ikkje meine noko lenger?

Truleg byrja «kva tenkjer du»- farsotta med media, då vi fekk det for oss at dei vi intervjua ville opne seg meir om vi spurde kva dei tenkte, i staden for kva dei meinte og følte? Ulike typar rådgjevarar har sikkert og lært frå seg at «tenkje» er orden som opnar oss. Difor vert det brukt ut i parodien, som munnhel og avvepning.

Gje meg nokon som meiner noko snart. Ja, det er mest som eg håpar at det er nokon som føler noko og! Når nokon meiner noko vert vi utfordra, vi må ta standpunkt til det og det vert debatt. Ikkje berre gråskodde!