22. oktober 2010

Ein enkel tv-reportasje

Denne veka vart avslutta av ei førelesing med Rolf Sanne-Gundersen, distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane. Han prata om korleis ein kan gjera lokale sakar relevante for heile landet. Ein av tinga han nemnde var at det er litt urettferdig når tv-journalistar seier VG er tabloid. Ein tv-reportasje på halvtanna minutt er sjeldan mindre tabloid. Ein god reportasje er […]

Denne veka vart avslutta av ei førelesing med Rolf Sanne-Gundersen, distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane. Han prata om korleis ein kan gjera lokale sakar relevante for heile landet. Ein av tinga han nemnde var at det er litt urettferdig når tv-journalistar seier VG er tabloid. Ein tv-reportasje på halvtanna minutt er sjeldan mindre tabloid. Ein god reportasje er gjerne unyansert, elles vert det som regel forvirrande.Rolf liten

Det tykte eg var interessant. Eg hadde nemleg friskt i minne noko Thomas Hylland Eriksen sa i Radiofront 17. oktober: «Det fins en del forskning på Dagsrevyen som viser at folk er ikke så opptatt av nyhetsinnholdet, men Dagsrevyen gir en type trygghet. Begrepet «nyhetsanker» synes jeg er veldig godt i denne sammenheng.»

Med fare for å skrive det opplagte, meiner eg det er ein interessant tanke at trongen til å vera oppdatert ikkje nødvendigvis handlar om eit brennande samfunnengasjement. I ganske mange tilfelle handlar det nok like mykje om å vera trygg på ikkje å ha gått glipp av noko alle andre har fått med seg. Ved sidan av å opplyse skapar nyhenda eit fellesskap kor folk får kjennskap til dei same sakene og syna.

20. oktober kom den årlege rapporten om pressefridom frå Reporterar utan grenser. I denne rapporten deler Noreg fyrsteplassen med dei andre skandinaviske landa (med unntak av Danmark, på grunn av ein drapstruga karikaturteiknar), Nederland og Sveits. Vi bur i eit godt land for journalistar. Russland er eit anna land eg er glad i. Dei ligg på 140. plass, rett etter Etiopia. Eit utal journalistar har vorte drepne eller forsvunne i Russland det siste tiåret.Anna Politkovskaja

Likevel sit ikkje russarar flest og hungrar etter nyhende. Også dei set på sin dagsrevy, ser tv-reportasjane og vert overtydde om at dei ikkje har gått glipp av noko. Dei fleste bryr seg heller ikkje om den kritiske journalistikken som framleis finst, han er for spesielt interesserte.

Nokre hevdar dei offisielle media i Russland har funne ein balansegang kor ein fortel nok til å tilfredsstille folket, på same tid som mykje aldri kjem ut. Kritikk av regimet kjem dagleg, sjåaren får ikkje kjensla av å leva i eit diktatur (noko sjåaren heller ikkje gjer), på same tid er dette sjeldan kritikk som rystar eller kan vera farleg for statsmakta.

Det kan hende Hylland Eriksen er inne på noko. Kanskje er vi ikkje alltid så opptekne av innhaldet i Dagsrevyen. Likevel vert vi sjølvsagt prega av det vi ser. Og ein bør ikkje undervurdere krafta som ligg i nyhenda. Gjennom dei får vi stadfesta korleis verda heng saman, vi får stadfesta vår diskurs.

Kanskje er det berre halvtanna minutt med fjernsynsbilete, men til saman er desse enkle fjersynsreportasjane ganske mektige. Til dømes er mange russarar overtydde om at Noreg har kyniske baktankar når vi år etter år ynskjer strenge fiskekvoter i Barentshavet. Dei meiner hav- og fiskeriforskarane er kjøpt og betalde av norsk oppdrettsfisknæring, som vil trygge eigen marknad ved å redusere tilgangen til villfisk. Det stemmer dårleg overeins med vår tanke om naturvern, men mistanken har ikkje dukka opp av seg sjølv. Han stammar mellom anna frå korte og unyanserte tv-reportasjar.

Det er noko å ha med seg når vi praktikantane straks byrjar arbeidet vårt i redaksjonen. Vi kan vera mindre uskuldige enn vi trur.