11. mars 2014

Ein fantastisk arbeidsplass

NRK er ein fantastisk spanande arbeidsplass, det er difor vi blir verande sjølv om det er tøffe nedskjeringar for tida, seier tidlegare nynorskpraktikantar på Marienlyst.

– Vi høyrer dei over alt. Det er eit vanleg omkvede når vi møter folk som kjenner att nynorskpraktikantane våre på ulike kull. Og vi møter dei i mange ulike redaksjonar. Førre veke var kull 20 på besøk til ulike redaksjonar for å høyre korleis det er å arbeide i den største avdelinga til NRK.

Kull-20-i-Oslo

Kull 20 får omvising i studioet til Nyhetsmorgen i P2 (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Av dei 21 som arbeider på Marienlyst er dei fleste knytt til Dagsnytt/Dagsrevyen. Eline Buvarp Aardal og Simon Solheim er begge i Dagsrevyen medan Vidar Eidhammer er i Dagsnytt. Dei fortel at vegen fram til draumejobben har vore hard jobbing, men at NRK-jobben er utruleg spanande og innhaldsrik.

Det er vanskelege tider i mediebransjen generelt. Også i NRK pågår det no tøffe kuttrunder. Men likevel seier dei tidlegare praktikantane at det er eit fantastisk arbeidsmiljø. Gleda over å jobbe i lag med dyktige kollegaer og jobbe med viktige journalistikk veg opp for den usikre jobbsituasjonen.

Frå venstre: Eline Buvarp Aardal, Simon Solheim og Vidar Eidhammer (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Frå venstre: Eline Buvarp Aardal, Simon Solheim og Vidar Eidhammer (Foto: Randi Indrebø/NRK)