9. november 2011

– Ein lausunge, avla i kjærleik

– Vestlandsrevyen er ein lausunge, avla i kjærleik, sa kringkastingssjef  Einar Førde då den fyrste sendinga gjekk på lufta 11.11.1991. Fredag er det 20 år sidan. Eg kjem aldri til å gløyme fyrste sendinga, same kor dement eg måtte bli i framtida. Ho gjekk nemleg utan lyd i Sogn og Fjordane og delar av Hordaland. Det var ein debut eg […]

– Vestlandsrevyen er ein lausunge, avla i kjærleik, sa kringkastingssjef  Einar Førde då den fyrste sendinga gjekk på lufta 11.11.1991. Fredag er det 20 år sidan.

Eg kjem aldri til å gløyme fyrste sendinga, same kor dement eg måtte bli i framtida. Ho gjekk nemleg utan lyd i Sogn og Fjordane og delar av Hordaland. Det var ein debut eg ikkje unner min verste fiende.

På Minde var alt fintfolk i NRK samla, med kringkastingssjef Einar Førde i fremste rekkje. Han var høgt oppe den dagen, sjølv til han å vere. Det vart servert kvitvin og kanapear medan vi trakka rundt framfor fjernsynsskjermen. Endeleg var vi i gong!

Stumfilmen Vestlandsrevyen Brått ringjer mobilen min, og i andre enden høyrer eg ein opptrekt redaksjonssjef Arve Sandal i Førde, som lurer på «kva i hule heitaste vi driv på med der inne?». Sendinga går ut over Sogn og Fjordane med ein intens, ulande lyd. Liknande telefonar har byrja kome på sentralbordet på Minde, og stemninga dett – i alle høve hjå oss som har ansvar for Vestlandsrevyen.

Debuten vart ein folkeforlystelse i Sogn og Fjordane, i avisomtalar, revyar og morobøker. «Stumfilmen Vestlandsrevyen»; tenk å få sjå ein bergensar snakke i ti minutt utan at det kom ein lyd, det var greier det!

Når låtten hadde lagt seg kom frustrasjonen over at det var ein «Bergensrevy». Det var mykje rett i det, for fyrste året hadde NRK Sogn og Fjordane begrensa med fjernsynsressursar og redigeringsrom til å vere med for fullt. Det fekk vi hausten 1992, men Vestlandsrevyen vart starta året før, for å vere i framkant av at TV2 vart etablert i Bergen.

– Gjer det så populært at alle vil ha det Kringkastingssjefen var krystallklar i oppdraget til NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane. Vi fekk eitt år på oss til å gjere distriktsfjernsynet så populært at alle stortingsrepresentantar ville ha slike sendingar i eigne heimfylke.

Einar Førde visste betre enn nokon at distriktsfjernsyn måtte brukast som agn for auka lisens, men han hadde heile det etablerte fjernsynsmiljøet på Marienlyst mot seg. Dei meinte det var vanvittig å bruke pengar på daglege fjernsynssendingar frå distrikta, der var vi ikkje dyktige nok til å lage kvalitetsfjernsyn og pengane trongst på Marienlyst. Problemet var berre at det kom ikkje meir pengar om det skulle brukast endå meir der.

– Det var krig, og vi tapte! Det skjønte Einar Førde, men berre to veker før Vestlandsrevyen skulle på lufta føreslo sjefen for Dagsrevyen, Egil Sundar, at han no måtte ta til vit og legge vekk desse vanvittige planane. Førde overhøyrde han totalt. Det var strid om sendetidspunktet, vi ynskte å vere før Dagsrevyen, som då gjekk 19.30. – Det var krig, og vi tapte, sa programdirektør for fjernsyn, Andreas Skartveit, då sendetidspunktet vart 19.15 til 19.25. Eg var med på det direktørmøte, og det var av dei mest urivelege møta eg har vore på.

Men det vart verre. Dagsrevyen ville ikkje sende sakene vi laga fordi dei var sende før, alt vi gjorde var «mindreverdig», og riksnettet nekta å ta omsyn til at Vestlandsrevyen måtte bryte av rikssendinga. I fleire år kom Vestlandsrevyen som ein flygande tallerken midt i eit ungdomsprogram eller Da Capo, der Jens Book Jensen song «Det er lov å vere blid».

Sentrum – periferi Sjeldan har konflikta mellom sentrum og periferi vorte sett så synberrt på spissen. I Førde kjende vi ho i dobbel forstand, for i Bergen var det mindre viktig kva som skjedde i Sogn og Fjordane enn i byn – og ikkje tykte dei vi var like røynde som dei på fjernsyn heller.

Det var ein kamp for alt vi hadde kjært, som sveisa oss som arbeidde i NRK Sogn og Fjordane saman. Vi forbante oss på at nyhenda herifrå skulle syne att i både radio og fjernsyn. Det er såleis ikkje utan kamp at NRK Sogn og Fjordane vart eit av dei fremste nyhendekontora i NRK.

Raskt populær  Midt oppi alle kampane vi måtte kjempe var det ei stor oppmuntring at Vestlandsrevyen raskt vart populær, både i Sogn og Fjordane og Hordaland. Vi makta oppdraget vi hadde fått. Det nytta å arbeide seint og tidleg, og nytte dei folka vi hadde meir enn ein gong.

– Vestlandsrevyen er ein vinnar. Vi tok ein stor sjanse, og det gjekk heldigvis bra. Sendingane er ei blanding av det beste i Dagsrevyen og Norge Rundt, sa Einar Førde, då han i august 1992 var i Førde for å markere at NRK Sogn og Fjordane kunne vere med for fullt.

Resten er historie. Det er berre å gratulere Vestlandsreyen med 20 årsdagen 11. 11. 11.