16. januar 2014
av Randi Indrebø

Ein reportar sin skrekk

Neste veke vert det spanande: får eg mi fyrste sak på radio, trass opptaksfomling og klippingsutfordringar?

Eg har jobba med ein radioreportasje denne veka, og har vore rundt i Førde og intervjua ulike partar i ei sak. Medan eg sto der i intervjusituasjonane og skulle hugse på

  1. spørsmåla eg skulle stille
  2. bileta eg skulle ta
  3. korleis eg skulle halde opptaksutstyret
  4. korleis eg skulle plassere meg i forhold til intervjuobjektet

gløymde eg det aller viktigaste: å trykke på opptaksknappen.

Under to av dei fire intervjua mine, opplevde eg mot slutten av intervjua å sjå opptaksknappen blinke raudt og kjenne kalde ilingar langs ryggrada. No tar eg ikkje opp lyden!

Dermed måtte eg avbryte intervjua, innrømme nybyrjarfeilen og starte om att. Heldigvis hadde eg skaffa meg velvillige intervjuobjekt som trudde på saka mi og gjerne byrja på nytt, men noko av det spontane forsvann jo når dei måtte svare på dei same spørsmåla opp igjen. Æsj, også!

Men etter mykje klipping, innlesing og intens lytting, er saka no fiks ferdig og sendt ned til desken. Puh!