25. februar 2020

– Ein superarena for å bli journalist

Oda Elise Svelstad vart tipsa om NRK Nynorsk mediesenter av broren. No har ho lagt bak seg eit travelt og lærerikt halvår.

– Det er «learning by doing». Vi vart kasta ut i det med éin gong. Tredje dagen skulle vi ut og lage ei radioreportasje. Læringa er praktisk og intensiv, men artig og lærerik. Ofte vart det lange dagar, men vi fem praktikantane på kullet hadde det veldig artig, seier Oda Elise Svelstad til lokalavisa Norddalen.

Ho kjem frå Sel i Gudbrandsdalen og vart tipsa om NRK Nynorsk mediesenter av broren. Hausten 2019 starta ho som nynorskpraktikant på kull 31. No er ho inne i den siste veka av praksisen i Kulturnytt, der ho har jobba med alle plattformer. Ho har fått vikariat til over sommaren.

Svelstad karakteriserer NRK Nynorsk mediesenter som ein superarena for å bli ein allsidig og fullverdig journalist.

– Eg vil gjerne klore meg fast i NRK så lenge eg klarer. Eg vil teste ut journalistyrket, og vil gjerne halde fram med det ei tid framover, seier ho til Norddalen.

Kull 31 er no inne i den siste veka av den eksterne praksisen sin. Fleire har fått signal om at dei får halde fram der dei er, og at det vert sommarjobbar på dei.