5. oktober 2010

Eitt klikk og du er hekta

Eitt bilde seier meir enn 1000 ord, blir det sagt. Mine bilde kan liksågodt fortelje om meir enn 1000 feil! Fokus, ISO, lukkaropning og komposisjon er stillbildeutfordringane, og av dei titals tinga eg kunne ha skrive om videobildeutfordringane, vil eg dra fram kvitbalansen og zebra(!)-stripene. Eit høgdepunkt i desse dagane er videoredigeringa i programmet Final […]

Eitt bilde seier meir enn 1000 ord, blir det sagt. Mine bilde kan liksågodt fortelje om meir enn 1000 feil! Fokus, ISO, lukkaropning og komposisjon er stillbildeutfordringane, og av dei titals tinga eg kunne ha skrive om videobildeutfordringane, vil eg dra fram kvitbalansen og zebra(!)-stripene.

Eit høgdepunkt i desse dagane er videoredigeringa i programmet Final Cut på Mac-maskinene. Mac er jo sjukt upraktisk for meg då eg er van med ordentlege datamaskiner, men med høgre- og venstretast på musa så funkar det greitt å bruke det eine programmet på dei kvite maskinene.

Elles kosar vi oss litt med øvingar. Vi er kanskje litt hekta? Medan eg skriv dette luskar faktisk medpraktikanten frå Odda, sjølvaste Hans Henrik «Oddasat» Løken, rundt på loftet vårt og knipsar.

Apropos kos: Karl Kristian Langeland har det så utruleg koseleg at han berre må glise

KK-med-kamera.-Foto-B500-VT

Øvingar: Randi Fotofaglærar kosar seg òg, trur eg.

Randi-underviser-Foto-B-500

Mi oppsummering av nokre dagar med foto og video ?

«Nynorsk Mediesenter. Her skal du lære ved å gjere det – feil først, mindre feil etterpå.»