29. oktober 2019

Eli Bjelland til Stord

Eli Bjelland er tilsett i eit årsvikariat ved NRK Hordaland sitt lokalkontor på Stord. Ho tek permisjon frå journalistjobben i NRK Nyhende, der ho har arbeidd meir eller mindre sidan ho hadde praksis i Dagsnytt som nynorskpraktikant. Bjelland gjekk på det fyrste kullet med nynorskpraktikantar i 2004/05 og kjem opphavleg frå Stord. Ho byrjar i den nye jobben 25. november.

– Eg er både spent og klar. Det skjer mykje spennande i Sunnhordland, så eg håpar eg får gjort ein god jobb, seier Eli Bjelland. Ho har arbeidd som journalist i NRK Dagsnytt og Alltid Nyheiter, både som journalist, programleiar og produsent. Bjelland har også vore språkkontakt for nynorsk i Dagsnytt og Alltid Nyheiter.

Ho har arbeidd i NRK heilt sidan ho var nynorskpraktikant. Fyrst i NRK Hordaland som radio- og TV-journalist, deretter i Dagsnytt sidan 2006. Før ho vart nynorskpraktikant hadde Eli Bjelland studert journalistikk i to år ved Høgskulen i Bodø, med avis som fordjuping. Ho hadde også eitt år med historie grunnfag frå Universitetet i Bergen og eitt år på Møre Folkehøgskole bak seg før ho byrja på Nynorsk mediesenter.

Ved kontoret på Stord er Eli Bjelland vikar for Marte Rommetveit, som har permisjon derifrå i eitt år.