5. september 2019

Debuterte med sak om brexit

Elias Håvarstein (22) var ikkje skuggeredd då han valde tema for den første saka si som praktikant.

Elias Håvarstein vart den første på kull 31 som fekk publisert sakene sine på radio og nett. Saka handla om kaoset rundt brexit i Storbritannia og konsekvensane det kan få for næringslivet her i Noreg. Etter å ha snakka med svært mange kjelder og verksemder i Sogn og Fjordane, enda han opp i Florø, der han intervjua fiskeeksportørar som lever i uvisse – berre få månadar før brexit kan vere ein realitet.

Les saka her: Brexit sår uvisse på Vestlandet

– Eg synest det er tøft gjort. Det finst jo mange mindre kompliserte ting å skrive om. Elias tok det på strak arm og fiksa dei utfordringane han møtte undervegs, seier faglærar Rune Fossum Lillesvangstu.

– Det er alltid kjekt når praktikantane får dei første sakene sine på lufta. Vi gler oss veldig til dei andre sakene, som no kjem som perler på ei snor. Lyttarane og lesarane har mykje godt i vente frå talentfulle praktikantar dei neste dagane, seier han.