28. september 2018

Elise og Ronny løyste saka

– Det er kjekt når praktikantane våre får oppleve at journalistikk kan gjere ein skildnad, slik som Elise Kvien si sak om russekort. I går snudde Russeservice og tilbyr heretter russekort på nynorsk, utan tillegg i prisen. Det er takka vere aktive målungdomar på Firda vidaregåande skule, Elise si sak, som også nådde riksnettet, både på nett, radio og fjernsyn. At den profilerte programleiaren Ronny Brede Aase sa si hjartans meining i P3 Morgon hjelpte òg godt til, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

– Etter at saka har fått brei dekning i NRK har vi skjønt at russekort med raudruss-logo ikkje kan vere dyrare. Vi har difor valt å tilby russekorta med raudruss-logo som standard og utan tillegget på hundre kroner. Det skreiv dagleg leiar Ole Jørgen Smedsrud i Russeservice til NRK i går, dagen etter at saka hadde gått i alle kanalar dagen før.