23. juni 2020

Endelaust stas med fast jobb

– Det var endelaust stas å få fast jobb i Framtida.no. Eg trivst utruleg godt i den vesle redaksjonen vår, der alle lyt vere poteter som skriv om det meste mellom himmel og jord, seier Bente Rundereim Kjøllesdal.

– Samstundes var det ei lette å kunne ta avskjed med korte kontrakter og usikker jobb, særleg no når koronapandemien har gjort mediebransjen endå meir utrygg, seier Kjøllesdal (1990). Ho var nynorskpraktikant våren 2018 og fekk vikariat på nettstaden www.framtida.no same året.

Bilete er av redaksjonen i framtida.no. Bente Kjøllesdal fremst til venstre. I midten står Ingvild Eide Leirfall, som var nynorskpraktikant på kullet etter Kjøllesdal. Til høgre for henne Andrea Rygg Nøttveit. Bak til venstre står redaktør Svein Olav B. Langåker og Christian Wiik Gjerde. Sistnemnde var nynorskpraktikant i 2011.