9. januar 2013
av Randi Indrebø

Endeleg nynorskpraktikant!

Det er fint å endeleg vere på plass i Førde. Alle jentene på kull 18 bur i det såkalla Bettenhuset, eit koseleg  hybelhus berre eit steinkast unna NRK. Eg trur livet som hybelbuar kan bli fint. Sambuar Hanne har allereie proklamert seg sjølv som ein fantastisk bakar, og har lova å ofte lage brownies. Etter […]

Det er fint å endeleg vere på plass i Førde. Alle jentene på kull 18 bur i det såkalla Bettenhuset, eit koseleg  hybelhus berre eit steinkast unna NRK. Eg trur livet som hybelbuar kan bli fint. Sambuar Hanne har allereie proklamert seg sjølv som ein fantastisk bakar, og har lova å ofte lage brownies.

Etter fire dagar som nynorskpraktikant kan eg sei at forventningane har innfridd! Det går raskt i svingane og læringskurva er bratt, men allereie etter fyrste veka har vi lært mykje.

Tanken om at eg snart skal lage mine eigne radioinnslag gjer meg nervøs, men samstundes gler eg meg. Det er mykje å lære, men så lenge eg kan hugse er det dette eg har ynskja å gjere, så dette må jo berre bli bra!

Her inne kjem eg til å skrive om kva vi gjer, og sjølvsagt leggje ut sakene eg har laga, når den tid kjem.

Eg gler meg!

Ferdigregtrond