5. september 2016

Endeleg praksis for Kjersti

I dag byrjar Kjersti Anderdal Bakken endeleg i den eksterne praksisen sin i Norgesglasset, i NRK P1 på Tyholt. På grunn av eit vondt kne fekk ho ikkje gjennomført praksisen i januar/februar, samstundes som resten av kull 23.
– Det var veldig kjedeleg å få praksisen utsett grunna kneoperasjon. Heldigvis har Norgesglasset vore fleksible, og eg gler meg no veldig til å starte, trass i om krykkene framleis er med, seier Kjersti Anderdal Bakken.

Kneet vart operert i vår og Kjersti Anderdal Bakken har hatt sommarjobb som programleiar i Nattradioen i NRK P1.   – Eg er så glad for at Henning Olstad på Tyholt torde å satse på meg, sjølv om eg ikkje hadde fullført praksis og ikkje visste kor sprek eg kom til å vere i juni. Eg har lært veldig mykje av programleiarjobben i Nattradioen, seier ho.

– Men for å få vitnemål på at ho har gjennomført halvåret som nynorskpraktikant må ho fullføre praksistida, som var avtalt med Norgesglasset. Dei har vore fleksible og tilpassa seg situasjonen, og vi er glade for at Kjersti no er frisk nok til å få synt kva ho er god for, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Kjersti Anderdal Bakken (1990) kjem frå Gol i Hallingdal. Ho har master i musikkvitenskap frå NTNU, med fordjuping i mediefag, og skreiv masteroppgåve om musikkstrategien i NRK. Bakken hadde også arbeidd i lokalavisa Hallingdølen før ho vart nynorskpraktikant hausten 2015.