13. november 2013

Erling Borgen

Siste gjesteførelesar i 2013 er Erling Borgen. Han kjem måndag 16.desember og skal snakke om å vere både journalist og idealist.

I haust fekk Erling Borgen statstipend over statsbudsjettet. Det gjeld til han vert pensjonist. Erling Borgen er journalist, filmskapar, professor i samfunnskritisk dokumentarisme, forfattar og debattant. Han driv eigen selskap for TV-produksjon, med kontor både i Oslo og Bergen, og bur i Alversund med familien.

Han arbeidd 20 år i NRK, frå 1979 til 1999. I Dagsrevyen, og som utanrikskorrespondent i Latin-Amerika og Asia. I 1999 starta han sitt eige produksjonsselskap, Borgen Production A/S, og har spesialisert seg på å lage TV-dokumentarar om menneskerettar, kunst og kultur. Sjå meir om alt han har drive på med på Wikipedia