28. mai 2019

Espen Breivik la ned grunnsteinen

VG-journalist Espen Breivik la fredag ned grunnsteinen for Vinje-senteret i Vinje, saman med forfattardebutant Oda Malmin. Vinje-senteret skal vere eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk, og ber namnet til den fyrste moderne journalisten i Noreg, Aasmund Olavsson Vinje. Senteret vert til i heimbygda hans Vinje i Telemark. Det nye museumsbygget skal stå ferdig i løpet av 2020 og blir opna i 2021.

Journalist Espen Moe Breivik er sunnmøring og var nynorskpraktikant i NRK Nynorsk mediesenter våren 2017. Han arbeidde fyrst i politisk avdeling i NRK og byrja i VG våren 2018. No er han mest å sjå i VGTV. Her er talen han heldt då han la ned grunnsteinen til Vinje-senteret.