
«Evig ung» med Solveig Hareide
Aldring har vore forska på lenge, men fyrst no er vi i ferd med å skjøne kva aldring er, og kan gjere noko med det. Mange trur at vi snart kan bli 150 år, og nokon trur endå meir. Forskarane har dobla livslengda til dyr, og spørsmålet er om det snart er menneske sin tur?
I serien møter Solveig Hareide dei fremste forskarane i verda på aldring, og folk som gjer ekstreme ting for å leve lenge. Fyrste programmet i serien stiller spørsmålet «Må vi eigentleg dø?», og det andre «Korleis kan vi bremse det kroppslege forfallet?». Det tredje programmet handlar om «100-åringen si hemmelegheit», det fjerde om «Nøtter og pillar for eit langt liv», og det siste har fått tittelen «Lenge leve hjernen».