Faglærarane

Faglærarane

Randi Indrebø (Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK)

Randi Indrebø (Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK)

 

«Eg hugsar korleis det var då dei kom til oss. Eg hugsar den aller første radiosaka dei laga som kom på lufta. Kor nervøse dei var, men likevel stolte over å debutere etter kort tid med intens opplæring. Det er det som er så kjekt med å vere lærar på Nynorsk mediesenter. Forbausande fort går praktikantane frå å vere usikre til trygge nynorskbrukande journalistar i NRK».

 

Randi Indrebø, faglærar sidan 2005, med to foreldrepermisjonar.

 

 

 

Tone Lin Støfring Skovro (Foto/NRK)

Tone Lin Støfring Skovro (Foto/NRK)

 

 

« Det beste med å vere lærar på Nynorsk mediesenter er å kjenne på spenninga og forventningane til praktikantane når dei skal ha første dag på desken i NRK Sogn og Fjordane».

 

Tone Lin Støfring Skovro, faglærar 2010-2013.

 

 

Geirmund Henjum (Foto/NRK)

Geirmund Henjum (Foto/NRK)

 

 

 

« Etter veker med famling for å få tak på å tenkja og å formidla ein bodskap journalistisk, løyste dei aller fleste av «mine» kullingar KODEN. Eg trur gleda over å ha fått vera med på nettopp å utløysa desse evnene, var det største for meg gjennom rundt fem år som faglærar i Nynorsk mediesenter».

 

Geirmund Henjum, faglærar 2005-2009. 

 

 

Arild Nybø (Foto/NRK)

Arild Nybø (Foto/NRK)

 

 

«Og då eg såg kor raskt lærdomen festa seg og vart brukt: Då var eg overtydd om at NRK Nynorsk Mediesenter ville bli ein suksess. Og eg fekk heilt rett. Sjølvsagt!«

 

Arild Nybø, faglærar for to fyrste kulla 2004/05.