4. mai 2018

Fast jobb i Ålesund

Silje Steinnes Bjerknes har fått fast jobb i NRK Møre og Romsdal som nyhendejournalist med digital kompetanse. Ho var nynorskpraktikant på kull 20 med nynorskpraktikantar, våren 2014.
– Det er utruleg kjekt og nesten uverkeleg å endeleg ha fast jobb i NRK. Eg er veldig takknemleg for at eg fekk sjansen til å vere nynorskpraktikant ved Nynorsk mediesenter for over fire år sidan. Eg hadde alltid hatt ein liten draum om å bli journalist. I Førde blei draumen til verkelegheit. Der fekk eg også eit svært godt grunnlag for vegen vidare, og eg hadde truleg ikkje vore her i dag, hadde det ikkje vore for Nynorsk mediesenter, seier Silje S. Bjerknes.

Silje Steinnes Bjerknes (Foto/NRK)

– No gler eg meg til å få jobbe med satsinga på digitale verkemiddel, og å få vere med å utvikle den digitale kompetansen her i NRK Møre og Romsdal, både på nett og mobil. Det er stas å få fortsette å vere ein del av den flotte redaksjonen her i åra som kjem.

Silje S. Bjerknes hadde ekstern praksis som nynorskpraktikant i NRK Møre og Romsdal, og var vikar der til januar 2017. Deretter arbeidde ho eit år i Nav og var frilansar. Ho byrja att som vikar i NRK Møre og Romsdal i januar og har no fått fast arbeid i den nyoppretta stillinga som digital journalist i NRK Møre og Romsdal. Ho var ein av 20 søkjarar.

Av utdanning har Silje S. Bjerknes ein bachelor i journalistikk og ein i psykologi, og ein master i kultur-, samfunn og sosialpsykologi, frå NTNU i Trondheim. Og eit årsstudium i Mediekunnskap frå Høgskulen i Volda.