4. oktober 2018

Fast jobb i BT for Ingvild Nave

– Eg er jublande glad over endeleg å ha fått fast jobb. Det har teke nokre år, og det er deilig å endeleg få litt meir stabilitet i livet, seier Ingvild Nave, som i går fekk fast jobb i Bergens Tidende. Ho har hatt ei prosjektstilling på podkasten BT20 og det er denne stillinga som no har blitt fast.

– Vi får sjå kva framtida byr på, men truleg vert eg ein del av BT si satsing på lyd framover. Så eg får absolutt bruk for alt eg lærde i Nynorsk mediesenter, seier Ingvild Nave.

Ingvild Vereide Nave (1990) gjekk NRK Nynorsk mediesenter våren 2011, og flytta etterpå til Bergen for å studere. Ho var tilkallingsvikar i NRK Hordaland i fleire år, jamsides studiane. Men då studiane nærma seg slutten skulle ikkje NRK bruke tilkallingsvikarar lenger. Ei litt opprådd Ingvild Nave sende ei mobilmelding til BT der det stod:

“Eg heiter Ingvild Nave og er blitt arbeidsledig.
Med mitt etternamn er det uholdbart”.

Ho fekk eit vikariat som kulturjournalist i 2017 og vart tidlegare i år sett på BT si satsing podkasten BT20. Sjå meir om bakgrunnen til Ingvild Nave her