3. oktober 2019

Fast jobb i Firda

Tonje Noreng Trøen (26) har fått fast jobb som journalist i lokalavisa Firda i Førde. Tonje gjekk på kull 30 med nynorskpraktikantar og var ferdig med opplæring og praksis i sommar. Ho har vore vikar i NRK Sogn og Fjordane etterpå og har funne seg kjærast i redaksjonen. – Nynorsk mediesenter snudde heile livet mitt på hovudet, og eg har ikkje angra eit sekund på at eg greip sjansen, seier Tonje Noreng Trøen.

Her er forteljinga med hennar eigne ord:

– Hurra, eg har fått FAST JOBB i mediebransjen! Eg skal jobbe i lokalavisa Firda der dei lagar saker med eit breitt omfang. Her får eg moglegheit til å fortelje både lette og tyngre historier som engasjerer dei som bur i Sunnfjord. Avisa var på utkikk etter ein journalist med kompetanse innan videojournalistikk og sosiale medium. Dette har eg fått – takka vere Nynorsk mediesenter.

Men det er mykje meir enn det eg kan takke Nynorsk mediesenter for. At eg skulle vere – og føle meg som ein fullverdig journalist i dag, hadde eg ikkje trudd der eg sat arbeidsledig på fjellet i Valdres for eitt år sidan. Eg visste berre at eg ville ha ein arbeidskvardag med høgt tempo, der eg stadig lærer noko nytt, kjem borti nye saker og snakkar med ulike folk. Denne kvardagen har eg no fått.

Sidan eg var ferdig på mediesenteret i juni har eg jobba i NRK Sogn og Fjordane, fyrst som sommarvikar, så i vikariat.

Heilt sidan dei fyrste månadane på Nynorsk mediesenter har eg fått boltre meg på nesten alle plattformar i redaksjonen; vore reporter på radio og laga TV-saker, laga saker for nett, produsert for sosiale medium og lese nyheiter på radio.  Dette har gjeve meg den breidda eg trengde for å få jobben som journalist.

Og jammen kunne mediesenteret by på kjærast også. (Sjølv om det ikkje er nokon garanti at du får det gjennom utdanninga, altså). Så no skal eg vere ein lykkeleg austlending på vestlandet ei stund til.

Det er inga tvil: Nynorsk mediesenter snudde heile livet mitt på hovudet, og eg har ikkje angra eit sekund på at eg greip sjansen.