21. juni 2016

Fire tilsette i Førde

NRK Sogn og Fjordane har tilsett fire tidlegare nynorskpraktikantar på ein gong. Adalheidur Oldeide fekk fast jobb, medan Solveig Svarstad, Aleksander Åsnes og Wilhelm Støylen fekk lengre vikariat. Svarstad og Åsnes går på kull 24, som er ferdige med halvåret som nynorskpraktikantar 30.juni.

Adalheidur Oldeide (1988) kjem frå Vågsøy og gjekk på kull 18 med nynorskpraktikantar, våren 2013. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt og arbeidd både i NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland etterpå, før ho vart vikar i Bergens Tidende. I april byrja ho i eit vikariat i NRK Sogn og Fjordane. Før Oldeide vart nynorskpraktikant arbeidde ho for Leger uten grenser, tok ei årseining i medievitskap ved Universitetet i Bergen og arbeidde i studentradioen. Medrekna henne har 47 tidlegare nynorskpraktikantar fått seg fast arbeid i media og 41 av dei er i NRK.

Solveig Svarstad (Foto: Martha Våge/NRK)

Solveig Svarstad (Foto: Martha Våge/NRK)

Solveig Svarstad (1989) er frå Bremanger og går på kull 24. Ho har praksisen sin i NRK Sogn og Fjordane, der ho har vore mykje på direktene i både radio og fjernsyn, og har alt byrja som programleiar. Svarstad har master i medievitskap frå Universitetet i Bergen (UiB), har studert spansk på Gateway College i Mexico og har arbeidd med alt frå å vere seminarleiar ved UiB, informasjonsmedarbeidar i TV 2 til lærarvikar og sommarvikar på sjukeheim.

Aleksander Åsnes (Foto/NRK)

Aleksander Åsnes (1990) kjem frå Førde og har ekstern praksis i avdelinga for politikk og økonomi i NRK Nyhende. Av utdanning har han ein bachelor i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, med eit utvekslingssemester ved Berkley-universitetet i California. Han har også studert juss og historie i Bergen og hadde byrja studere nordisk i Oslo då han vart nynorskpraktikant på kull 24 frå nyttår av. Åsnes har vore politisk aktiv i Unge Venstre/Venstre frå 2008 til han la politikken på hylla for å bli journalist. I studietida arbeidde han som lærar i både Oslo, Bergen og Førde.

Wilhelm Støylen (Foto/NRK)

Wilhelm Støylen (Foto/NRK)

Wilhelm Støylen (1980) er frå Kvamsøy, Sande kommune på Sunnmøre. Han var nynorskpraktikant på kull 16, våren 2012.Han hadde ekstern praksis i Nitimen og har arbeidd der seinare også. Då han byrja som nynorskpraktikant hadde han alt arbeidd to år som programleiar i BarneTV og i Barnetimen i NRK. Støylen har master i skodespel frå Manchester Metropolitan Univercity og har arbeidd som skodespelar for Riksteateret, frie grupper og på eiga hand. Etter at han var ferdig som nynorskpraktikant har han vore frilansar både som skodespelar og journalist, og arbeidd både for distriktskontor og riksredaksjonar.