18. juni 2018

Tilbake der det heile starta

Raymond Lidal er tilsett i fast jobb som nyhendejournalist i NRK Sogn og Fjordane. – Dette var både strålande og overraskande nyheiter. Eg ser stort fram til å kome tilbake der det heile starta, der eg først blei lura inn i journalistikken. No er eg forhåpentlegvis modnare, både som menneske og journalist, og eg er klar til å gjere ein iherdig innsats for lyttarar, sjåarar og lesarar i Sogn og Fjordane, seier Raymond Lidal.

Raymond Lidal (1986) er frå Bømlo. Han var nynorskpraktikant på kull 16 i 2012, hadde praksis og arbeid i utanriksredaksjonen i NRK ut det året, og reiste attende til Jemen, der han hadde studert arabisk før han vart nynorskpraktikant. Etter to år der, som student og frilansar, vart han arrestert og sjølv ein del av nyhendebilete i mars 2015. Han sat 19 dagar i fengsel før han vart evakuert ut av landet. Styresmaktene i Jemen mistenkte han for å vere spion.

– Å få fast jobb i NRK er ikkje det ein går rundt og trur skal skje når ein jobbar som frilansar i Jemen eller som dokumentarfilmsfotograf i Kosovo. Det trudde eg eventuelt skulle liggje lenger fram i løypa, men eg er glad og stolt over at det kunne skje no, seier Lidal og held fram:

– Sidan sist eg var i Førde har eg jobba i utanriksavdelinga på Marienlyst, og eg frilansa i Jemen mellom 2013 og 2015. Der ville ikkje styresmaktene ha meg lenger så dei kasta meg ut. Då blei det til å finne på noko anna å gjere, og den seinaste tida har eg framfor alt skrive bok og jobba som fotograf på dokumentarfilmsprosjektet til sambuaren min. Etter nokre år som nomadar (med ein bubil som adresse ei stund) så skal det bli godt å bli bufaste igjen.