4. desember 2013

Fast jobb i Førde

Stine Kyrkjebø Johansen (1990) fekk i går fast jobb i NRK Sogn og Fjordane. – Eg er både overraska og glad, seier ho sjølv.

Stine Kyrkjebø Johansen er frå Kyrkjebø i Sogn, og gjekk på kull 17, som var ferdige med opplæringa 1.mars i år. Ho hadde ekstern praksis  ved distriktskontoret i Førde og har arbeidd her etterpå. Ho har arbeidd på nett, radio og fjernsyn, med nyhende og reportasjar, og er alt frå nyhendejournalist til videojournalist.