3. januar 2019

Fast jobb i NPK

Bjørn Ivar Voll er fast tilsett som journalist i Nynorsk pressekontor (NPK) frå nyttår av. – Etter mange år i ulike vikariat med til dels svært korte tidshorisontar, er eg svært glad for å ha sikra meg ein fast jobb. Ikkje berre betyr det at eg i uoverskodeleg framtid veit kvar eg skal møta på jobb, det betyr at eg får jobba ein plass eg trivst godt. NPK dekkjer nasjonale saker av allmenn interesse, på same tid som me har eit eige auge for distrikta. Det gjer at eg får jobba med tema som eg er interessert i, som miljø, energi, turisme, skipsfart og samferdsle, seier Voll. Han var nynorskpraktikant på kull 11, 2009/10.

Bjørn Ivar Voll

– Etter tida mi som nynorskpraktikant i Førde var eg nyheitsreporter i NRK Dagsnytt fram til sommaren 2011. Etter det jobba eg i NRK Sogn og Fjordane og NRK Møre og Romsdal før turen gjekk tilbake til Oslo for å ta ein mastergrad i historie, seier Bjørn Ivar Voll.

Etter at masteroppgåva var levert, var han med på å skriva og gi ut ei guidebok for pilegrimsleia mellom Oslo og Trondheim. I 2015 og 2016 var hang tilkallingsvikar i Nynorsk pressekontor, NRK Dagsnytt Atten og lettlestavisa Klar Tale. I 2017 jobba han utelukkande som journalist i Klar Tale før han på vårparten i fjor vende tilbake Nynorsk pressekontor.

– Eg starta journalistkarrieren i radio. I dag skriv eg og tar bilder. Uansett kvar vegen går vidare, har utdanninga ved Nynorsk mediesenter gjort meg trygg på å handtera ulike format og medium, seier Bjørn Ivar Voll.