6. september 2013

Fast jobb i NRK

Simon Solheim (23) har fått fast jobb i NRK. Han er i Dagerevyen og skal vere vaktsjef på nyhendesenteret til jul.

Simon Solheim (1990) var nynorskpraktikant i 2009/2010. Etterpå fekk han eit vikariat i NRK Sogn og Fjordane.

Då han fullført førstegangstenesta ved Forsvarets mediesenter og kommunikasjonseining i Forsvarsdepartementet,  arbeidde han  samstundes som tilkallingsvikar i Dagsnytt og Alltid Nyheter.

Sidan hausten 2012 har han studert fotojournalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og kombinert det med jobbing for  Dagsrevyen. Med fast jobb i NRK tek han permisjon frå studiane og blir ein av vaktsjefane i nyhendesenteret på Marienlyst fram til jul.