2. januar 2017

Fast jobb i NRK Finnmark

Ine Eftestøl har fått fast jobb i NRK Finnmark. – Eg er utruleg spent på den nye jobben, og føler meg svært heldig som får sjansen til å lære ein ny redaksjon og ein ny del av landet vårt å kjenne. Ikkje minst er eg kjempeglad for å få fast stilling i NRK, og gler meg til å ta fatt på framtida, seier Ine Eftestøl.

Ine Eftestøl (1984) kjem frå Bryne på Jæren. Ho gjekk på kull 21 med nynorskpraktikantar i 2014/15. Ho hadde ekstern praksis i NRK Rogaland og arbeidde der som vikar/tilkallingsvikar etterpå, før ho fekk eit vikariat som videojournalist for NRK Supernytt, med base i Rogaland. Mange av innslaga ho laga der vart også sende i Norge Rundt.

Eftestøl har to mastergrader i media frå Griffith University i Australia: Master of  journalism and mass communication og Master of arts and media. Ho har også ein bachelor i psykologi frå det same universitetet i Melbourn, og grunnfag i engelsk frå Universitetet i Bergen. Før ho vart nynorskpraktikant var ho medieansvarleg i Bryne fotballklubb, der ho hadde det redaksjonelle ansvaret for fotballmagasinet, og skreiv og fotograferte for heimesidene deira. Ho hadde også arbeidd for Rogaland Avis og Regionaviser AS.

Sju faste jobbar
Til saman fekk sju tidlegare nynorskpraktikantar fast arbeid i NRK i 2015: Ine Eftestøl (kull 21) i NRK Finnmark, Martin Torstveit (kull 24) i NRK Telemark, Aleksander Åsnes (kull 24) i NRK Sogn og Fjordane, Kjersti Anderdal Bakken (kull 23) i Trafikkredaksjonen i NRK P1, Tyholt.  Adalheidur Oldeide (kull 18) og Sondre Dalaker (kull15) i NRK Sogn og Fjordane, og Sigrid Agnethe Hansen (kull 21) i NRK Troms. Det er same talet faste jobbar som i 2015.